Skip to content Skip to sidebar Skip to footer

Vennebrev – august 2023

Kjære alle vener av Flymisjonen (evangeliet til muslimene)


Me vil igjen seie mange takk for at de trufast står med i bøn og gjevartjeneste. Det har gått betre enn me kunne våge å tru, men me skulle nådd over så mykje meir. Det er svært mange som kjem til tru på Jesus Kristus som sin Frelsar. Behovet for at nokon lærer desse opp i kristen tru og tanke er stort. Derfor skulle me hatt anledning til å sende folk på kurs eller skule. Desse kunne seinere fungert som lærarar eller ledarar i menighetane.

Me i styret har vore på tur til Etiopia nå i juli/august (sjå eiga sak/referat). Det
var ei stor oppleving. Me snakka mykje med synodeleiinga for det område Flymisjonen arbeider i, og dei kunne fortelje at det med å få lære opp folk var den store utfordringa i heile synoden. I synoden snakka dei om 10.000 nyomvendte eller tilbakevendte berre siste halvår. Det som kjem inn under Flymisjonen sitt felt, er nesten 1.400 nye eller tilbakevendte. Me må be om at Han som er hausten sin Herre også må halde dei fast hos seg.

Me fekk møte ein som nå var med som eldste i ein menighet som ligger under Harekello. Hans navn var Hassen. Nå var han gift og hadde tre jenter og ein gut. Han bur i ein fjerntliggande plass som høyrer til Harekello-distriktet. Han blei født inn i ein muslimsk familie på 80-talet og vaks opp der. Han fekk tidleg opplæring i islamske doktriner og kultur og snakka flytande arabisk. Trass sin unge alder, hadde han nødvendige kvalifikasjoner innen islamsk administrasjon og ledelse. Han fekk tittel som Sheik. Etter hans ordinasjon som Sheik, var han ein hengiven moskelærar, og var med å spreie islam ut over Guji, Borena og Arsi Oromo.

Hassen i lag med Oda Gambela.

I 2008, møtte han Jesus og fekk Han som sin personlege Frelsar. Dette var gjennom ein av evangelistane som Flymisjonen har. Etter han var ferdig med dåpsopplæringa, og var blitt døypt, blei han medlem av Mekane Jesus Kyrkja på heimplassen. Nå tjener han som talar i menigheten der, er med og leder sangkor, er med som eldste i menigheten, og er og ute i distriktet som evangelist. Han blir ennå både direkte og indirekte forfulgt. Det var stort å få møte han og høyre hans historie mens me var der.


Dei me møtte frå synoden heldt norsk misjon svært høgt. Dei sa at den evangeliske kyrkja i Etiopia hadde først og fremst Norge (NLM), så Danmark, Sverige, Finland og Island å takke for at det var så mange medlemmer i kyrkja. Nå kjenner me på at me er med på fortsetjinga av det store arbeidet som er
gjort. Om de fortsatt har tru for dette arbeidet, så er behova store. Det er midla som kjem inn som avgjer kva me våger å seie ja til av faste oppdrag. Takk til den enkelte som vil vere med. Alle som har anledning til å ta imot dette skrivet på email, vert oppfordra til å melde frå om dette til eivindlob@gmail.com, da postsending er svært kostbart.

Oss som var på tur i lag med evangelistane frå Harekello.


Venleg helsing frå Flymisjonen

v/ Eivind Lobekk

Leave a comment