Skip to content Skip to sidebar Skip to footer

Reisebrev – august 2023

Ei fantastisk oppleving!

Styret for stiftelsen «Evangeliet til muslimene», Flymisjonen, hadde lenge snakka om å få til ein tur for å møte evangelistar og samarbeidspartnarar i Etiopia. Etter at grunnleggarane Helgi Hrobjartsson, Otto og Tollak Jakobsen og Karsten Ueland alle er borte, hadde kontakten med arbeidet i Etiopia gradvis blitt fjernare og meir sporadisk. For å bøte på dette, og for å sikre ein meir stødig kontakt, blei det føretatt ei omorganisering av strukturen i Etiopia frå januar 2023. Vi gjekk bort frå ein sårbar ‘enkeltmannskontakt’ til strukturert organisasjonskontakt. Vi fekk etablert ein samarbeidsavtale, eit formelt partnerskap, med Adola-Genale Synoden i den store lutherske Mekane Yesus-kyrkja.

Det låg i avtalen at det skulle vere ei evaluering av dette etter eit halvt års tid. Det var derfor eit av hovedmåla for styret sin tur til Etiopia i slutten av juli. I tillegg var det eit stort ynskje i styret om å få møte evangelistane i Wadera og Harekello distrikt, og lærarane ved bibelskulen i Wadera. Flymisjonen støttar med lønnsmidlar til 58 evangelistar og til heile staben ved bibelskulen i Wadera.

26. juli reiste vi frå Noreg og vart møtte på flyplassen i Addis Abeba av innleigd bil og sjåfør. Ein dag til å akklimatisere seg, så bar det sørover i landet. Stopp i Hawassa, med besøk på gamle NLM-tomter som Tabor Evangelical College og Ferieplassen. Med stor vørdnad ser vi korleis misjonssatsinga i 75 år har sett djupe spor. Nå er alt overteke av Mekane Yesus-kyrkja, og dei driv arbeidet vidare.

I Hawassa hadde vi eit evalueringsmøte med synodeleiinga i Adola-Genale Synoden. Det blei eit godt møte! Gode samtalar i broderleg ånd om arbeidet. Kva som vart gjort, kva slags utfordringar og vanskar som var i kvardagen. Og om korleis vi kunne få samarbeidet vårt til å fungere endå betre. Synodeleiinga fortalde om dei mange som kjem på evangelistane sine møte og gir til kjenne at dei vil begynne å fylgje Jesus. Om gledene ved det, men og utfordringane med korleis ta vare på dei nye, korleis drive opplæring i kristendom, korleis gi åndeleg næring til hungrande sjeler.

Vi hadde ei stund drøfta i styret om vi kunne finne pengar til ein motorsykkel til bruk for ein evangelist med arbeid i eit vidstrekt distrikt. Og vi enda med å seie ‘ja, dette må vi våge!’. Så nå går synodeleiinga til innkjøp av ein ny motorsykkel. Abaula skal disponere han inntil vidare. Vi gler oss storleg saman med han!

Evangelistane frå Harekello distrikt

Frå Hawassa gjekk ferda vidare søraust, til Adola og Shakiso. Shakiso er den staden der Sister Jorunn Hamre har hatt tilhald i mange år. Dei siste åra samla ho inn pengar til nytt kyrkjebygg. Det blømer rundt kyrkja på mange vis!

Vi hadde og ein stopp i den fyrste kyrkja som vart reist i Shakiso, av finnen Urpo. Det var gripande å stå framme i koret og synge «Navnet Jesus blekner aldri», og kjenne seg som del av misjonens store sak.

Men målet vårt var å få møte evangelistane frå Harekello og Wadera. Dei var samla til Bibelkurs i Adola. Vanlegvis er det ei årleg samling i Wadera som Flymisjonen dekker utgiftene til, men grunna uro og vanskelege tider var samlinga i år lagt til Adola.

Bibelskulestaben i Wadera.

Det rørte hjertene våre å stå ansikt til ansikt med desse frontkjemparane! Å få helse på desse «våre folk» var stort! Tenk at me kan få vere med på dette arbeidet gjennom å støtte med lønnsmidlar til 41 evangelistar i Wadera distrikt, 17 evangelistar i Harekello distrikt, og heile staben (5 stk) ved bibelskolen i Wadera. Vi sender 38.000 norske kroner kvar månad. Så kjem dekkinga av bibelkurset  i tillegg. Så omlag 42.000 kroner sendes i snitt kvar månad. Det er nåde å få vere med på dette arbeidet. Måtte Gud gi at vi kan klare å stå ved dette framover, og helst auke opp beløpet i tillegg!

Evangelistane lova oss å komme med fleire skildringar av kvardagen deira, korleis arbeidet går og møte med einskildpersonar. Det vil me så prøve å formidle vidare til dykk. Som for eksempel om Sjeik Hassen. Muslimen som styrte over 7 moskear, men som møtte Jesus. Som vart forkasta og utstøyt av familien. Ja, dei heldt til og med symbolsk gravferd for å markere at for familien var han død og borte. Han er nå i evangelisk arbeid i ein av kyrkjelydane. Men vi har og fått forbedarar i dette området. Evangelistane ville be for landet vårt og folket vårt! Og for oss som står med det praktiske arbeidet i Noreg.

Til slutt: Synodepresidenten, Gelo Gololcha, ba oss helse til forsamlingane våre heime, med desse bibelversa frå Heb. 6:

9 Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. 10 For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før.

Leave a comment