Skip to content Skip to sidebar Skip to footer

Informasjonsskriv frå styret – august 2023

Stiftelsen “Evangeliet til muslimene” blei registrert første gong 1992. Det var Tollak Jakobsen sammen med Otto Jakobsen og Karsten Ueland som startet Flymisjonen. Dei var godt kjende med islendingen og Etiopia-misjonæren Helgi Hrobjartsson, og han blei knyta til Stiftelsen som aktiv feltarbeidar og styremedlem. Det var to område i det sørlige Etiopia, Wadera og Harekello, som arbeidet blei konsentrert i. Og det var evangelist-arbeidet, forkynning av Ordet, som blei arbeidsgreina. Og det er det framleis.


I daglegtale blei navnet på stiftelsen fort “Flymisjonen”, sjølv om det ikkje er ein misjonsorganisasjon, og ikkje disponerer noko fly. Det har heller ingen ting med MAF (Mission Aviation Fellowship) å gjere. Men både i Noreg og i Etiopia blei Stiftelsen kjent og omtalt som “Flymisjonen.” Dette namnet kjem nok av at i starten vart det brukt mykje fly for å komme rundt i eit område med lite utbygd vegnett, og dei få som var der var dårleg framkommelege, særleg i regntida. Helgi var også sjølv utdanna flygar. Han reiste første gong ut til Etiopia i 1968. Og namnet “Flymisjonen” er det som blir oftast nyta også i dag, både her i landet og i Etiopia. Om enn misvisande og lite sjølvforklarande ser det ut til å vere det som blir brukt, snarare enn stiftelsesnamnet. Og det er ingen grunn til å skjemmast over historia som ligg bak, så det får berre “henge med.”


Tollak, Otto og Karsten styrte med arbeidet i Noreg, medan det var Helgi som stod for praktisk organisering av arbeidet i felten. Han fann folk han kalla til evangelistar, og sende dei inn i område der han såg det var opning for forkynning. Stiftelsen hadde ingen tilsette i Noreg og derfor ingen lønnsutgifter her. Alle innsamla midler blei kanaliserte til misjonsarbeidet ute. Det er framleis slik. Stiftelsen knyte også til seg folk i Guinea Bissau, og det vart sendt folk derifrå til teologi-utdanning ved Mekane Yesus-seminaret i Addis Abeba, med full dekning frå Stiftelsen.


Etter at Helgi Hrobjartsson døde på reise i Etiopia i 2018, blei det vanskelegare med organiseringa ute. Stiftelsen hadde folk dei støtta i to ulike land i Afrika. Etiopia i Aust-Afrika, og Guinea Bissau i Vest-Afrika, der Helgi før hadde reist jamnleg og hatt kontaktar og oversikt, der vart det brått eit tomrom. Når det ikkje var bygt opp noko organisasjonsapparat er det klart dette blei vanskeleg. Styrken med å vere utan lønna personell og la alle innsamla midlar flyte uavkorta inn i arbeidet på lokalplanet vart nå ein hemsko det skulle vise seg vanskeleg å komme rundt. Når vi i tillegg fekk pandemien som sete stoppar for all reiseaktivitet, blei det heile så vanskeleg at styret for Stiftelsen gjorde vedtak om å avslutte støtta til arbeidet i Guinea Bissau frå januar 2022. Det blei umogeleg å halde oversikt og stå ansvarleg for at pengane som vart sende blei brukte slik det var tenkt. Styret hadde ikkje prov for at pengane vart misbrukte, dei kunne berre ikkje garantere overfor givarane for at dei vart brukte etter hensikten som var lova ved innsamling.


I Etiopia var det heller ikkje enkelt å halde oversikt. Kontakten pr. mail var betre enn det hadde vore til Guinea Bissau, men styret var ikkje heilt nøgde med situasjonen der heller. Derfor så snart det let seg gjere å reise, sende styret ut ein representant til Etiopia for å sjå nærare på tilhøva. Han kom ikkje heilt til Wadera grunna uro og lokale geriljarørsler, men kom til Adola og fekk der møte nokre av dei sentrale leiarane frå distrikta Wadera og Harekello. I tillegg til å få kontakt med synodeleiinga for Mekane Yesus-kyrkja. Det var slik at alle evangelistane som fekk støte frå Stiftelsen er tilsete i ulike Mekane Yesus-menigheter. Bibelskulen i Wadera, som også fekk alle sine midler til lærarlønner frå Noreg, er også ein Mekane Yesus-institusjon. Det vart derfor veldig naturleg at styret for Stiftelsen tok kontakt med synodeleiinga for å drøfte nærare om ein kunne formalisere eit samarbeid.

I videreføringa av denne kontakten reiste to frå styret til Addis Abeba i januar 2023, for å ha møte med synodepresidenten og sentrale leiarar i Wadera/Harekello. Dette møtet resulterte i underskriving av ein samarbeidsavtale mellom stiftelsen og Adola-Genale Synoden i Mekane Yesus-kyrkja. Så nå er det slik at pengar frå Noreg vert sende til ein eigen konto synoden har oppreta for dette føremålet. Og synoden fordelar så pengane til Harekello og Wadera, der dei blir utbetalt til evangelistane i dei ulike menighetene. Det formelle og korrekte er nå at det er kyrkja som er arbeidsgjevar, og som har oppfølgingsansvar overfor den einskilde evangelisten og bibelskulelæraren. Synoden har og forplikta seg på å sende kvartalsrapportar til styret i Noreg, både om den økonomiske sida og om arbeidet generelt. I siste rapporten me fekk (april -23), blir det fortalt om at Guds Ord har framgang. Dei 58 evangelistane som får si støtte frå Stiftelsen fortel at folk vender om og tar mot Jesus, både for første gong, og at frafalne vender tilbake og ber om forbøn. Sjølv om ingen av oss kjenner hjertene, fortel rapporten om mange hundre enkeltpersonar som kjem til evangelistane og vil vende seg frå denne verdens fyrste og til Kristus.


Det er 5 tilsete ved bibelskulen i Wadera, men ikkje alle er i full stilling. Det er nå 8 elevar der. Dei var 12 i fjor, så det er ikkje dei store klassane, men viktig å halde oppe. I tillegg til den månadlege pengestøtta til evangelistane og lærarane blir det og gitt midlar til eit sommarbibelkurs for desse evangelistane på bibelskuletomta i Wadera. Grunna pandemi og lokale krigshandlinger har det vore nokre vanskelege år. Men til sommaren (2023) er det planlagt nytt bibelkurs i slutten av juli. Om Gud gir dagar, helse og fred, er det då planen at fleire frå styret vil reise ned for å møte evangelistane og vere med på nokre møte.


Styret får og spørsmål om midlar til både bilar og motorsyklar, slik at evangelistane kan bli meir mobile og dermed nå lenger ut. Førebels har ikkje styret sagt ja til det. Ein må sjå situasjonen an, og i samarbeid med synodeleiinga nøye vurdere kva som er mest tenleg for arbeidet som heilskap. Og sjølvsagt sjå dette i samanheng med den økonomiske situasjonen her i Noreg. Etiopia har stor inflasjon for tida, så det blir også spørsmål om å heve beløpet til den einskilde arbeidar.

Det er stor nåde å få vere med på dette arbeidet.

1. Pet. 4,10: “Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds
mangfaldige nåde.”

Leave a comment