Skip to content Skip to sidebar Skip to footer

Vennebrev – Januar 2023

Helsing til venner av stiftelsen «Evangeliet til muslimene», ‘Flymisjonen’.

Det er tid for ei helsing til alle som fylgjer med oss i bønn og med gåver.

Som de kjenner til har me slutta av støtten til arbeidet i Guinea Bissau. Det vart for innfløkt for oss å halde oversikt over arbeidet der. Avstanden vart for stor, både i kilometer og i innsyn. Vi kjende oss ikkje trygge på at vi hadde oversikt nok til kunne seie at alle midlar vi sende dit vart nytta på ein god måte. Vi kan ikkje seie at dei ikkje vart det heller- vi klarte berre ikkje å fylgje arbeidet tett nok.

Grunna vanskelege tider med pandemi og i tillegg indre uro i Etiopia, har besøka dit også vore umoglege å få til dei siste åra. Det er ikkje berre i Nord Etiopia at det har vore krigshandlingar. Også i «våre» område i den sør-austlege delen av delstaten Oromia har det vore uro og krigshandlingar. Men i månadsskifte september/oktober fekk vi til eit besøk. Ein frå styret reiste til Addis Abeba, leigde bil m/sjåfør derfrå til Hawassa og vidare til Adola (tidlegare heitte byen Kibre Mengist). Men lenger sør kom vi ikkje. Det var for uroleg i og rundt Wadera til at vi kunne kjøre dit (det er 6 mil frå Adola til Wadera).

Men vi fekk møte nokre av leiarane for arbeidet vi støttar i Wadera og Harekello. Det var informative møte som fortalde om eit omfattande og rikt arbeid. Mange vanskar og utfordringar, men og gode forteljingar om folk som kjem til tru på Herren Jesus.

Organiseringa av arbeidet gjorde oss urolege. For mykje syntest kvila på enkeltpersonar. Det gjer heile arbeidet veldig sårbart. Det kom også fram ting rundt arbeidstilhøva og arbeidsvilkåra for evangelistene som vi ikkje fann tilfredsstillande. Vi fekk og eit kort møte med leiarskapet i synoden for Mekane Yesus kyrkja. Dei har hovedsetet for denne regionen i Adola. Alle evangelistane me støttar, og bibelskolen i Wadera som me held oppe, tilhøyrer denne kyrkja.

Synodepresidenten og Eivind Lobekk.

Denne kontakten med leiaren for synoden vart vidareført pr mail etter at me kom heim, og spørsmål om eit tettare organisatorisk samarbeid vart drøfta. Resultatet av denne mailvekslinga vart at me sette kvarandre møte i Addis Abeba nå i januar.

Frå Synoden og ‘våre’ folk kom det tre stk.: Synodepresidenten, Leiaren for Wadera Parish(som også har vore med for Flymisjonen sidan Helgi si tid) og rektor på bibelskolen i Wadera (som også har vore ‘flymisjonsmann’ og rekneskapsførar i mange år for Flymisjonen i området). Frå Norge var det Eivind Lobekk og Anders Dalane som var med.

Det var eit godt og fruktbart møte. Vi fekk laga ein samarbeidsavtale mellom Adola Genale Synode og Stiftelsen Flymisjonen. Den går i hovudsak ut på at vi nå skal senda pengane våre gjennom Synoden sitt system. Dei får ansvaret for å motta og fordele pengane til den einskilde evangelist og bibelskulelærar. Dei får også eit tilsynsansvar med arbeidet, og dei skal sende rapportar ‘heim’ til oss kvartalsvis. Årsrekneskapen skal også reviderast av ekstern revisor og sendast oss.

Synodepresidenten gav sterkt uttrykk for at han i sit grundige forarbeid med dette var blitt positivt overraska over kor omfattande og rikt arbeid Flymisjonen var involvert i, i ‘hans’ synode. Noko han ikkje hadde hatt så inngående kjennskap til før.

Samarbeidsavtalen med underskrifter.

At vi nå kan få arbeidet meir uavhengig av einskildpersonar når det gjeld kontinuitet og tilsyn, gjer oss i styret meir trygge på at det er kontroll og oversikt over pengebruken. Det er vi svært glade for.

Vi vil også legge vinn på å gjere oftare besøk og bygge kontakten tettare framover. Dette ved å delta på planlagd sommarskule, ved å få oftare rapportar og å gi tilbakemeldingar på desse. Vi to som var med på møtet i Addis Abeba syntes vi fekk god kontakt med dei lokale representantane, og var like glade og oppmuntra over kontakten som det dei gav uttrykk for.

Medan vi sat i møte i Addis Abeba kom det meldingar frå Wadera om kampar mellom geriljasoldater og lokale innbyggjarar. 19 stk vart drepne dagen før møtet vårt.

Det er eit viktig og rikt arbeid vi får vere ein del av! Det er nåde å få vere med å bere Kongens budskap ut til stadig nye. Takk for at du står med i dette arbeidet, både med pengar og i bøn. Må Herren signe einkvar glad givar og forbedar!

2. Kor. 5.20: Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!
1. Pet. 4.10: Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde.

For styret: Anders Dalane


Vipps: 12 68 14
Kontonummer: 3325 25 04120

Leave a comment