Skip to content Skip to sidebar Skip to footer

Vennebrev – oktober 2020

Kjære vener av Flymisjonen!

Me ynskjer å rette ein stor takk til dykk alle for all støtte. Det er de som driv dette arbeidet, me som prøver å organisere det, kunne ikkje oppnådd noko utan dykk. Dette året er spesielt for oss alle. Om det ser ut som det er mindre utslag av Covid-19 i afrika, så har dei mange av dei same restrikjonane. Dette året kunne me derfor ikkje gjennomføre sommarkurset for evangelistane. Det merkelege var at me heller ikkje hadde penger til dette. Økonomien er slik at me har klart å samle inn nesten det som me har tatt på oss å sende ut. Derfor har me i tillegg måtte bruke litt av våre midler.

I brevet denne gongen ynskjer me å la helsinga frå ledaren i Harakelo-disriktet, Oda Gambela, vera hovedsaka. Han kan ikkje engelsk sjølv, derfor er det først oversatt til engelsk og deretter til norsk.


Til Flymisjonens venner.
Fyrst av alt vil eg ynskje dykk vår Herre Jesu velsigning og fred! Som Paulus skreiv i mange av sine brev, som rådgjeving, oppmuntring og undervisning for ledarar, evangelistar, brødre og systre. Han underviste og preika mange ord frå Timoteus, som var hans åndelege son.

2. Tim. 3. 1-5. «Men dette skal du vita, at i dei siste dager skal det koma tunge tider. For menneska skal vera sjølvkjære, pengekjære, skrytande, overmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame, utan age for det heilage, utan naturleg kjærleik, uforsonlege, baktalande, umåtelege, ustyrlege, utan kjærleik til det gode, svikefulle, oppfarande, oppblåsne, slike som elskar lystene sine høgare enn Gud. Dei har skin av gudsfrykt, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike.»
Paulus sa også: I Gud og Jesu Kristi stad seier eg deg: Jesus Kristus er den eine som vil døma alle folk, dei som lever og dei som er døde. Han kjem tilbake for å regjere i sitt kongedøme.
Derfor pålegg eg dykk:

  • Bring ut denne Guds bodskap
  • Ver alltid klar til å gjere det som er nødvendig
  • Sei til folket kva dei må gjere
  • Sei frå når dei tek feil og rettlei dei

Gjer dette med stort tålmod og forstandig rettleiing. Det kjem ei tid då folket ikkje vil høyre på sann undervisning, men høyrer på det som passer. Lytter til bodskapen dei ynskjer å høyre istadenfor sanninga.
I slutten av denne tidsalder vil dette hende:

  • Falske profeter
  • Krig
  • Sjukdomar
  • Jordskjelv
  • Hungersnød

Mine vener, hugs at me lever i endetida. Mykje av det som her står skrive om, hender no. Jesus vil snart kome att. Matt. 25. 13. «Våk derfor! For de kjenner ikkje dagen eller timen». Paulus minner oss på i 1. Kor. 1. 8. «Han skal styrkja dykk til enden kjem, så de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag».
Gud har valgt oss ut til å dele kår med hans son, Jesus Kristus.
Så kjære brødre og systre. Me er ein familie gjennom Jesus Kristus. Sjølv om me bur i ulike land, har ulik farge og språk, er me eitt gjennom Jesus Kristus. Han ynskjer ikkje at me skal verte urolege, men tru på Gud og Jesus.
Joh. 14. 1-3 «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, då hadde eg sagt dykk det. For eg går bort for å gjera istand ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og har gjort istand ein stad åt dykk, kjem eg att og skal ta dykk med meg, så de og skal vera der eg er».

Oda Gambela

Så litt om mi oppgave og mitt liv:
Eg heiter Oda Gambela. Eg er ledar for evangelistane i Harakelo området. Eg lærte Jesus å kjenne, og kom til tru på han i 1971. Helgi Hrobjartson underviste og kom med bodskapet til oss. Etter seks mnd. vart eg døypt og begynte å forkynne til andre. Eg har vore forkynner i 45 år. I løpet av desse åra har mange kome til tru på Jesus. I Harakelo området er det no 44 menigheter etablert. Gjennom støtte frå flymisjonen har dette arbeidet kunna blitt gjort.
Me har hatt bibelundervisning for mange som no evangeliserer for andre. Det er store områder og mange unådde folk enno.
Matt. 7. 21. «Ikkje kvar ein som seier til meg: Herre, Herre! Skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. Berre dei som gjer det som Faderen vil kjem inn i himmelriket. Mange skal kome på den siste dag og sei: Herre, Herre, lukk opp for oss».
Derfor må me gjere det følgjande:

  1. Gjennom evangelisering, undervise og gjere dei som kjem til trua på Jesus til hans disipler
  2. Me må leve og tale uklanderleg
  3. I forfylging vere sterke, bli styrka ved bønn, vere utan frykt.
    For Gud seier i Jes.43.1-3a: «Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, som laga deg, Israel! Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min. Når du går gjennom vatn, er eg med deg, og gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg. Når du går gjennom eld, skal du ikkje verta svidd, og logen skal ikkje brenna deg. For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, frelsaren din».

Det er no tid for å vakne opp frå søvne, vår frelse er nærmare no enn då me kom til trua. Dagen er her snart, me bør stoppe å gjere det som høyrer mørkret til. Når tida her nede er slutt, vil me leve i saman i Guds rike for alltid. Så me takker dykk alle for all støtte de gjev til Etiopia, Wadera og Harakelo-området. Me ber om at fredens Gud vil setje dykk i stand til heilt å setje dykkar lit til han. Ber om at de må vere trygge og skuldfrie når Jesus kjem att. Han som valgte dykk ut vil sjølv gjere det. De kan setje dykkar lit til han. Brødre og systre, eg bed dykk at de må be for oss. Paulus var lydig mot Gud og mot si oppgåve. La oss få kjempe for og med Gud i dag.

Pastor Oda Gambela


Me i styret håper dette arbeidet fortsatt er av interesse for deg/dykk å støtte. Det er fremdeles dei same som får støtte; 62 stk i Etiopia og 11 stk i Guinea Bissau. Me skulle ynskje at me kunne fulgt opp arbeidet der ute med besøk, men det har me ikkje klart.


Beste helsing styret for Flymisjonen
v/ Eivind Lobekk

Vipps: 126814
Kontonummer: 3325 25 04120

Leave a comment